laurdag 18. oktober 2008

Besøk

Det har vore mykje besøk i huset i det siste. For to veker sidan var bror til Frida på besøk til søndag. So kom mamma, Olve og syskenbarn Stina torsdag og var til laurdag, no onsdag kom Hilde Oddny og var til fredag, torsdag kom Karoline og var til i dag, og fredag kom Kristine, som skal vera til i morgon/i natt. Det er travelt, men det er og svært kosleg!

Ein Bergenstur for Hønefoss-jentene har me snakka om lenge (eitt år?), men det har ikkje blitt før. No bestemte me oss, og halvanna - to døgn fekk/får kvar av dei i byen. Men me har likevel kost oss, med kafe- og rastaurantbesøk, litt handling, Ingrid Bjørnov i går, og Tiramisu på BIFF i dag. Kvelden skal dermed brukast i heimen...

Det er godt at ein får besøk av så gode vener. Vener som tek ting som det kjem, og som gjer ein glad berre ein er saman med dei. At ein kan ha lange frukostar vert dermed vel så viktig som at ein skal gjera ting, og trasking i byen er like gjevande som sightseeing. I det heile har dette, so langt, vore ei flott helg (ok, veke), og laurdagskvelden teiknar til å bli fin den og.(bilete: meg, Karoline og Kristine på Stegastein, Aurland i juli. Karoline og Kristine ved Lille Lungeren, oktober.)

onsdag 15. oktober 2008

Baksida av Sundt-bokstavane

"Jeg er en av de få som har sett baksiden av bokstavene på Sundt, da," mumla Trond Espen Seim medan ein fullsett MB4 humra forsiktig. Gunnar Staalesen nikka, og innrømte at han ikkje har skrive mykje anna enn tittelen til den nyaste Varg Veum-filmen (og til og med den er endra). På rekke 9 sat eg og Monica og prøvde å ikkje sukka høgt i andakt.

Me var på "premiera" på Begravde hunder i dag (litt usikker på kor mykje premiere det var, men "nesten verdspremiere" sa kinosjefen). Midt på dagen sat me i ein mørk kinosal og innbilte oss at det var seint på kvelden og dermed heilt ok å gå på kino. Men det er BIFF, og då er det litt unntakstilstand, som ei på universitetet sa det. So då sat me der, to unge jenter på rekke 9, med ein sal full av vaksne folk (nokre andre unge var det der) og med produsent, regissør, forfattar og skodespelar på dei femste rekkene. Ei stor oppleving - og ja, han er (nesten) like kjekk i verklegheita...

Filmen? Ikkje den beste av Varg Veum-filmane. Men grei nok. Og dersom nokon er interesserte i å få med seg denne, eller resten av filmane (og drop dead gorgeous Seim) , so vil eg anbefala Torgallmenningen i kveld klokka 19, eller Varg Veum-maraton i helgi. Ja takk, begge deler, skulle eg til å sei, men trur eg står over. For eg har sett han, Vargen (uttalast med skarre-r og diverse æ-ar), live. På kino.

tysdag 14. oktober 2008

Gamal vorten?

Endeleg kan eg endra profilvisinga på sida her til 23 år. Det har eg hatt lyst til i eitt år, ikkje fordi eg so gjerne ville bli eldre, men fordi det har vore rart å vera so gamal som 22. Men no har eg ingen kjensle av alder, og er godt nøgd med å berre få ei unnskyldning til å eta god mat i godt selskap.

Dagen i dag byrja med kollokvie klokka åtte, og vidare med tre timar oppgåveskriving. So var det førelesing (tysdagane er dei dagane i veka eg faktisk gjer noko...), men so var det heim, og fri resten av ettermiddagen!

Eg inviterte gode vener til middag på Egon, og i tre timar sat me og skravla og åt (for mykje). Monica fekk tak i ballongar, oppblesne sodanne, og Ingrid stal ein uoppblesen som eg kan spara til seinare. Eg er glad for begge gestar, at eg har bittelitt (ok, stor) ballongskrekk ser me glatt vekk frå, og nyt synet av ballongbuketten som no heng i taket i gangen (og som Monica sjarmerte heile 6ar-bussen med). Av Magnhild fekk eg eit bilete eg har sikla over i lenger tid, nemleg dette. Og det til tross for at eg eksplisitt ynskte meg selskap, og ingenting anna.

Gebursdagen har vore flott, sjølv om det ikkje kjennest anleis å vera 23 enn 22 (overrasking? Nei, trur ikkje det). Og eg har fått so mange koslege helsingar!

E e jild i dikka adle sammen!

(bilete: Monica med ballongane)

laurdag 11. oktober 2008

TenSing 40 år

Korskirken var full i kveld. Stappfull av folk i alderen 40+, og ein del under. Stemninga var god, gospelsongen klang mellom veggane, og anlegget feeda berre litt. So gjekk straumen, midt i "Oh happy day". Og det var då det tok av. Publikum tok ansvar, song gjennom heile songen, fortsette med "Soon and very soon" og avslutta med å gå ut av kyrkja nynnande på "Gå i fred".

TenSing-rørsla er 40 år i år (41 år sidan Bergen TenSing starta, men me ser stort på det), og det er duka for feiring i Bergen i helgi. Eg får ikkje med meg meir enn kvelden i kveld, for eg fann ut at kulturinntrykka må fordelast og fer derfor på kappleik på Voss i morgon. Men i kveld var det altså TenSing som var i høgsetet.

Og det var godt - godt å sitja i ei full kyrkje og synga høgt på songar ein kan ut og inn etter ein del år i organisasjonen, høyra meir eller mindre god lyd frå scena, og sjå kring seg på gamle og unge ein har møtt gjennom åra. Her var tidlegare eittåringar, leiarar, deltakarar, tilsette, gode vener, kjente, folk ein veit kven er, har sett, og heilt nye fjes. Og felles var ei begeistring for TenSing, med alt det inneber av suksessar og nedturar.

Eg trengte ei påminning på kvifor ein driv med dette. I det siste har det blitt mykje fokus på det negative i organisasjonen - det som går trått, det som ikkje funkar, det som er arbeid og ork. Og då lurer eg litt på kvifor eg giddar. Ja, organisasjonen har gitt meg mykje, men har eg ikkje gitt nok attende snart? Er det ikkje nok med svette og tårer, må det bli blod og? Men so sit eg attmed gode TSN-vener, med eit syskenbarn på scena og LiV-gutar på rekka framfor. Og so veit eg at dette er grunnen: dei nære venskapa og dei store opplevingane. Eller dei små opplevingane.

Felles for dei er den gode kjensla - ein god klem, ei opptreden som går bra, eller som går dårleg, ein samtale utover natta, eit smil frå ein deltakar, eit handtrykk frå ein leiar, møte med nokon det er lenge sidan ein har sett, kjensla av å ikkje ville reisa frå ein leir og kjensla av å vera utsliten, latterkrampen når ein modulerar for sjuande gong, og møtet med Gud på eigne premissar. Det er det som er grunnen til at me fortset, at me giddar. Og grunnen til at TenSing er 40 år. So skal eg heller ofra litt blod (i overført tyding, håpar eg) for at TenSing skal bli dobbelt so gamle, minst, viss det er det som må til. Det er rørsla og organisajsonen verdt - me må berre bli minna på det av og til. Dessverre kanskje? Men like fullt eit kick når det skjer - når det går opp for meg at eg er med i ein organisasjon som får utrulege ting til å skje! For det er me, berre so de veit det...

(bilete: TSN 04/05 på Hamarøy, januar 2005.
KrinsKrams på European TenSing Festival i Århus, august 2006)

måndag 6. oktober 2008

Overraskingsbesøk

Medan eg sat og tenkte djupe tankar av typen "Hm, lurer på om eg bør eta snart?", "Kor lenge kan eg utsetja å byrja på oppgåve?" og "Mat?" ringte det på døra. Då tenkte eg enno djupare tankar ("Hæ?!") og gjekk forsiktig ut i gangen. Ei blå jakke skein gjennom glaset i ytterdøra, og min neste tanke var "Hurra!" Og det var godt tenkt, for utanfor sto Magnhild og ville inn. Heilt uanmeldt.

Eg er for slike overraskingsbesøk. Slike besøk som ikkje er avtalt å førehand eller har eit bestemt mål. Besøk der ein set seg ned i ein knapp time og et brødmat medan ein snakkar om dagen so langt. Besøk som ikkje har noko anna for seg enn å sjå kvarandre. Det er for få slike besøk, mobiltelefonen har gjort at ein alltid gir beskjed på førehand, ein åtvarar og er for omtenksam, "Nei, tenk om eg forstyrrar." Om du ein dag forstyrrar, skal eg heller sei frå. Til dess er alle overraskingsbesøk særs velkomne.

fredag 3. oktober 2008

Endringar!

Eg skulle jo skriva oppgåve i dag. Og ja, eg har vore flink student minst halve dagen, so det har eg gjort. Og so sendte nabo Gro melding: "Gå Vindhella?" "Gi meg ein halvtime," sa eg, ferda oppgåve fort og gale, og so gjekk me Seltåsen (ein har vel lov å ombestemma seg?)

Etter middag skulle eg liksom lesa, men med ein gong eg sette meg i sengi (eg veit, fyrste tabbe...) kom andre ting i fokus. Ein rask tur innom bloggen vart mange timar med omskriving av HTML-kodinga og leik med biletredigeringsprogrammet GIMP, og so endte me her me er no. Eg er faktisk godt nøgd. Dersom nokon lurer på kor ideen kom frå kan eg tipsa om Tips for New Bloggers. Svært god side, med mellom anna informasjon om korleis skaffa seg tre kolonner og mykje anna snacks. Men eg trur eg skal gi meg her. Det er eit år (ganske akkurat) sidan eg oppretta bloggen, og no får det bli (minst) eit år til neste store endring, tenkjer eg. Men nokre små overraskingar kan vel komma innimellom...

(bilete: Stora Sokni sett frå Seltagalden)

torsdag 2. oktober 2008

Oppgåvenotatar

NN: Faa s 83-85 Perfektum partisipp av svake verb: bøyde som adj når de blir brukt i syntaktisk funksjon som adj. Dvs attributivt eller etter vera, bli, verta (disk.) Svake verb med dentalsuffiks (alle utenom a-verbene) har samsvarsbøyning. Pl identisk med pret.formen, n som etter ha, m og f som pret., men uten –e. Unntak: Verb med pret. på –dde, -gde, -vde kan ha n partisipp på –d. Unntak: Konsonant+t får ingen ny –t. Unntak: blitt er alltid ubøygd. Unntak: brukt predikativt (etter vere, bli, verte) kan man bruke n overalt (som sideform)

Kan nokon forklara meg kva dette betyr? Ingen? Ikkje eg heller, og eg har skrive det. Jada, det går framover med oppgåva i NOSP...