søndag 3. august 2008

Vinjerock

Oppkalt etter Aasmund Olavson Vinje, lagt til Eidsbugarden i Jotunheimen og fylt opp av fantastiske band. Det seier seg sjølv at Vinjerocken er ei spesiell oppleving, og ein suksess. Det regna kontinuerleg (kjentest det ut som) i to samfulle dagar, men god stemning på festivalområdet, ein lavvo med bål som sentrum i Lærdalscampen (lengst opp mot Uranosi) og nokre av dei mest underhaldande og beste band i landet kvar ettermiddag gjorde at regnveret berre av og til gjorde at ein skulle ynskja noko var anleis. For det er berre veret som kunne vore anleis - og so at eg hadde vore betre til å setja opp telt. Men eg er ikkje betre til å setja opp telt, og vergudane er vansklege å krangla med, so nett dei tinga må ein heller ta som dei er.

Programmet var variert og godt. Fredag var det Alyn (bråkete), Thom Hell (fint),
Animal Alpha (fasinerande, noko anna kan eg ikkje sei) og Kaizers Orchestra (som må ha vore utslitne når dei gjekk av scena...) Laurdagen byrja med Siluet (som eg ikkje høyrde) og Katzenjammer (som var det største høgdepunktet, ei fantastisk moro gruppe, anbefalast!), og fortsette med Jimmy Bowskill (som eg ikkje høyrde, for då sat me i bållavvoen og åt spekemat og flatbrød - eller flappbrød med to p'ar som det og er kjent som.) Kvelden kom med Karl Seglem (vakkert, spananade, og alt anna positivt), Valkyrien Allstars (som er ein hit nesten uansett), Strandingarna (som eg vil stemma på som Stavarekkjaband til neste år, dei hadde gjort seg der), The Snuff Grinders (som både imponerte og skremte litt, men som kanskje kunne ha vore hakket sikrare på både dansen, timingen og koreografien), og avslutta av Madrugada. Madrugada var eit av dei verkleg store trekkplastera, men sjølv om eg synes det er bra, so er det best i bakgrunnen. So Ingrid og eg gjekk den lange vegen opp til Lærdalscampen i lys frå scena, og akkompagnert av Sivert Høyem gjekk me og la oss, i dei delane av teltet der det ikkje var vått.

No er eg heima att, sit i sofaen med teppe rundt meg, nydusja, med telt, sovepose og sekk til turk ute - og vil opp att. At eg skal attende neste år er sikkert - og eg reknar med andre vert med og? Eg har firemannstelt - om enn eg manglar talent til å setja det opp...

(bilete: Utsikt frå Lærdalscampen over heile Eidsbugarden og festivalområdet. Eg i teltet. Gjennomført nynorsk og/eller valdresdialekt på festivalen - som forresten er verdas finaste dialekt, ikkje noko poeng i å diskutera ein gong. The Snuff Grinders. Ingrid søndag føremiddag - i opphaldsver!)

torsdag 31. juli 2008

How - why - where - what?

Det er siste dag på jobb for meg, og eg sit her og blar gjennom sitatboka frå sommaren. Me har nemleg sitatbok, for det er ikkje reint lite turistar har ut av seg.

Where were we again?
Det er ikkje alltid like lett å vita kor ein befinn seg når ein har reist langt og lenger enn langt. Mellom anna var det ein svenske som ikkje var heilt sikker på kor langt han var komme: "Är det denna stan vi är i nu?" spurde han og peikte på sentrumskartet. Eller austlendingane, stakkarar, dei har det ikkje greitt med geografien på Vestlandet: "Men Lærdal, hvem kommune er det da?" og "Lærdal Ferie- og Fritidspark, den ligger i... Sogndal?" Fjordane kan og vera vansklege å halda styr på: "Du, den her fjorden - Aurlandsfjorden... (Lærdalsfjorden, ja?) Ja. Jaha ja. Renner det en elv ut i Aurlandsfjorden her?"

Om Lærdal
Det er svært ulike tankar om Lærdal ute og går mellom turistane. Nokre snur seg til dei profesjonelle for å få hjelp i vansklege val når dei ikkje er kjent: "Soooo... Is Lærdal more beautiful or Aurland more beautiful?" (Og det skal eg, fødd (ok, nesten i alle fall) og oppvaksen i Lærdal, svara på?) Dei er og forvirra over forholda her, storleiken er ikkje alltid like lett å bestemma: "Vi leter etter hotellet her i byen!" sa bergensaren, og vart forvirra over svaret med informasjon om tre hotell, og ingen bystatus... At det er ein liten "by" er det andre som trur og, både geografisk: "Golfbane?! Hvor er det plass til det hen her da?" og når det gjeld tal bringebærdyrkarar, for å ta eit døme: "Det er en som driver med bringebær der. På Ljøsne. han leverer til Lerum også..." Ho vart ikkje mindre sikker når eg kunne informera om at det er titals bønder som gjer nett det. Levebrød er forresten noko som opptek fleire: "Why did people settle here in Lærdal?" spurte ein amerikanar. Ein annan amerikanar hadde funne svaret: "this village was founded because of the salmon, right?"

Amerikanarar
Amerikanarar er oftast dei med dei beste kommentarane (utanom austlendingane kanskje?) "Why aren't all these little shops open? It would be good for business if they were..." Og det hadde ho forsåvidt rett i. "What is the name of the rock that the mountain here are made from?" " Oh, it's the same picture, only different!" og " What an absolutely stunningly beautiful town! It must be wonderful to live here... Well, at least in summer..." er andre døme på vansklege spørsmål og kommentarar ein ikkje heilt veit korleis ein skal svara på. Men austlendingane er ikkje svært langt bak: "Du får snakke du, som kan språket," sa ein mann til kona si, som var sogning. Ein annan mann var svært begeistra når han kom inn på det flotte bankbygget turistinformasjonen ligg i: "Har kongen bodd her, ja?

Where can we find...?
Turistar er på leit etter so mangt. Dei vanlegaste tinga er, i fallande rekkefølgje (og dette er ein seriøs undersøking utført på ein post-it-lapp måndag 28.07.08): fiskekort, Aurlandsfjellet, ferja til Gudvangen, Flåmsbana, Borgund stavkyrkje, do og gåtur. Men det er sjølvsagt andre spørsmål og. Ein på leit etter vegen til Sogndal vart svært nedtrykt når eg la ut om tunnelar og ferje: "More tunnels? i'm starting to feel like a mole." Veg er nemleg eit vanleg spørsmål: "We are going on the street over the hill!" eller han som hadde forlese seg på brosjyrar om dei gamle vegane: " We are looking for a road built by goats!"
Middag er og noko folk er på leit etter. "Typical restaurant of here?" ville ein italienar vita. Eg var freista til å senda han til gatekjøkenet i Håbakken. Ein spanjol med engelskordbok var meir spesifikk: "Dinner - reindeer - where?" Og so er det dei som er mindre spesifikke i sine ynskje: "There should be a waterfall here somewhere..." Ein foss? Ein? "Where can we find a sauna?" var det ein italienar som ville vita, medan ein tyskar ville "see the fishermen fighting."
Ein del spørsmål kan og setja ein ut, som det som kom frå ein blasert og litt slapp nordmann (tenk Ari Behn): "Er det en sånn derre asiatisk butikk her? (Nei.) En innvandrerbutikk? (Nei.) Hvor har dere gjort av innvandrerne deres da?!"

Klassikarane
Til tross for fleire oppføringar i sitatboki enn før (av den enkle grunn at det er fyrste gong me har sitatbok), er desse døma likevel ikkje dei store klassikarane. Dei to viktigaste trur eg eg var vitne til i fjor. Ein amerikanar ville gjerne få bekefta alle fordommane sine om Noreg, og spurte optimistisk "Where do you get supplies from in winter?" Eg hadde lyst å svara at det vert slept frå helikopter eller noko slikt, men valte desverre å vera ærleg og svara at me har noko som er kjent som tunnelar. Eg er redd eg øydela ferien til eksotiske Noreg for han, stakkar.
Ein annan som nok fekk ei betre forståing, denne gong av naturgeografi og geologi, var ein svenske som sto og såg på postkorta lenge og vel. Så snur han seg, og spør om det som er alle turistarbeidarar sin draum/mareritt: eit spørsmål om fjordane! "Kor høgt over havet ligg eigentleg fjorden?"

(bilete: Gamle Lærdalsøyri og del av Sognefjorden. Begge stolne frå dataen på jobb.)

tysdag 29. juli 2008

Olsok

Gong på gong har eg gløymt at det er Olsok i dag (dagen Heilag-Olav fall i slaget på Stiklestad i 1030, for dei som ikkje hugsar det i farten). Ifølgje Wikipedia er det flaggdag (og det stemmer jo), det har vore ein av dei største helgedagane, og er enno rekna som ein andre nasjonaldag. Det siste vil eg sei meg ueinig i, i Lærdal har det alltid vore jonsok som er greia. Men det skadar vel ikkje å gjera noko spesielt på olsok heller, sjølv om eg altså har gløymt det meir enn eg har hugst det i dag (eller antakeleg lika mange gonger, ettersom dei to tinga heng saman).











Olsok vart dermed feira med grilling og bading i Lærdalsfjorden for Anja og meg. Det er jo kjent at eg ikkje tek så lett på dette med bading, og etter fyrste hopp i sjøen og kaving i land att hadde eg hjartebank i lange tider. Men det kom seg, den siste gongen låg me faktisk og plaska litt uti fjorden, før me luftturka på land.

Kvelden ved fjorden vart avslutta med øsregn (men sommartemperaturar) i bringebærfeltet, og bringebær og rips med vaniljesaus var ein flott prikk over ien på ei olsok-feiring meir til æra for sommaren og finveret enn den gamle slåsskjempa av ein konge. Men eg er sikker på at han ikkje tek so tungt på det - det er i alle fall ein (av dei få?) olsokane som verkleg skil seg ut.

Myggstikk

Kvifor klør myggstikk?
Hadde det ikkje vore meir fornuftig, sett frå myggen si side, om dei ikkje gjorde det? Då kunne den ha sugd blod utan dei store protestane frå oss pattedyr.
Eg er for kløfrie myggstikk.

måndag 28. juli 2008

Turistnytt (-gamalt?)

Denne sommaren har gått skremmande fort! Eg er no inne i mi siste veke på jobb, dei to neste helgene skal bli brukte på festival, og so byrjar skulen att, skrekk og gru. Alt eg skulle lesa, alt eg skulle sjå, alt eg skulle bli flink på - det får bli til hausten. Ikkje vert eg brun heller, litt fordi eg jobbar innandørs no i finveret, litt fordi eg uansett vert meir skinande rosa enn vakker og gyllenbrun. Og då er det kanskje lika greitt at eg jobbar inne.

Men altså, siste veke, siste heildag, kanskje siste innlegg frå turistinformasjonen (det er nemleg ein viss fare for repetisjonar, det er ikkje alle turistar som er like originale...):
- 8.17: korleis komma seg med tog frå Åndalsnes til Lærdal? Ser du noko togbane i Lærdal? (Og kor er forresten Åndalsnes?)
- 9.44: då har eg funne ut at eg bør til Bergen innan torsdag 14. august. Giddar eg det?
- 10.32: mann med slange frå drikkeflaska i sekken kjem inn. Litt trist med den eigentleg, for elles ser han ganske bra ut.
- 11.12: "Bø!" Nei, min gode gamle mann, eg vart ikkje redd. Ikkje er det moro heller, at du seier "bø" i staden for "hei".
- 12.08: eg er på veg til å enten sovna eller krympa vekk. Lunsj hjelper mot det siste, so då satsar me på det
- 12.23: turen min til mat vart avbroten halvvegs, men det var eit kosleg avbrot - ein gamal klassekamerat ville ha fiskekort, og eg tvang han til å stoppa for ein prat. Me gjer eit nytt forsøk!
- 12.43: tyskarane som kom inn helste meg med "Grüss Gott". Det er lenge sidan sist, og det er kosleg
- 13.04: eg såg under skuffeseksjonen i skrivebordet. Det tør eg ikkje gjera ein gong til. det kan henda hybelkaninene (-mammutane) går til angrep
- 14.18: no er det jammen meg rett før eg byrjar å snakka nederlandsk og. Då er det på tide å slutta
- 15.46: nei, kart frå år 2000 er faktisk ganske nytt. Ein kan ikkje gi ut turkart kvart andre år, og ærleg tala er det ikkje all verdens so endrar seg her inne i fjorden heller
- 15.51: eg lurer på om det er tid for ein is snart. Sjefen er på jobb, so då passar det jo å snika seg ut ein tur.
- 15.52: eg lurer på kvifor i all verda eg ikkje har nokre interessante turistar å skriva om? Er dei alle blitt kjedelege, vanlege, gjennomsnitts og forutsjåelege? Eg er stygt redd for at svaret er ja
- 16.37: asiatane utanfor går med munnbind. I Noreg. I Lærdal. Trist at dei er so vant til det at dei ikkje tek det av seg på ferie ein gong
- 16.59: "Fery fhot! Veery hot!" sa japanaren og vifta seg hektisk. "Yes," svarte eg. Og so smilte me til kvarandre
- 17.09: det er ikkje sikkert det er so bra for samlivet å vera på ferie i bubil. Det verkar i alle fall ikkje slikt på det nederlandske paret som står og kranglar ved kortstativet
- 18.49: det er fem år sidan eg kom heim frå dansetur til Sverige og gjorde hallingspark på kontoret, noko som førte til ein blå fot, men eg har lyst å gjera det om att. Rastlaus!
- 19.02: då stenger eg for dagen. 68 besøkande har eg hatt, og spørsmåla har for det meste vore forutseielege. Rart med det, men fiskekort, stavkyrkja og Aurlandsvegen er gjengangararar... No set eg meg rett og slett ut i soli og pleiar rosafargen

fredag 25. juli 2008

Om turistar, trollmenn og tidsfordriv

Picturesque meant -- [Rincewind] decided after careful observation of the scenery that inspired Twoflower to use the word -- that the landscape was horribly precipitous. Quaint, when used to describe the occassional village through which they passed, meant fever-ridden and tumbledown. Twoflower was a tourist, the first ever seen on the Discworld. Tourist, Rincewind decided, meant "idiot".

Eg har fått eit nytt tidsfordriv: lydbøker. So sitatet over er ikkje mine tankar om turistar (vel, nokre av dei, men absolutt ikkje alle), men derimot trollmannen Rincewind sine tankar om turisten Twoflower i Discworld-bøkene av Terry Pratchett. Til no har eg høyrt so godt som alle bøkene om den feige trollmannen, men har heldigvis att nesten 20 andre bøker frå same verd. Og godt er det, for eg er blitt glad i desse folki.

'Luck is my middle name,' said Rincewind, indistinctly. 'Mind you, my first name is Bad.'

Lydbøker er ei flott oppfinning. Dei gjer at å ta ugras eller plukka bær går i ein fart, og at eg kan gå rundt å fnisa for meg sjølv utan at nokon andre er med på spøken - og antakleg reknar meg som litt gal.

Of course I'm sane. When trees start talking to me, I don't talk back

Eg høyrde sjølvsagt på lydbøker når eg var liten, men har på ein måte ikkje funne tid når eg vart eldre. Men fasinasjonen min for lydbøker dukka opp att då eg i vår høyrde NRK Radioteateret sin versjon av Bitre blomster, og sat på ein buss over Bryggen med øyreproppar i øyrene og ein desperat trang til å brøla ut at "Bergen er på veg til å bli utsletta! Få panikk! No!" Det er ikkje alt ein skal leva seg like mykje inn i...

"Panic?" said Rincewind hopefully. He always held that panic was the best means of survival; back in the olden days, his theory went, people faced with hungry sabretoothed tigers could be divided very simply into those who panicked and those who stood there saying "What a magnificent brute!"

Det er faktisk gått so langt at eg ikkje bryr meg so mykje om å hugsa akkurat kor eg var i boka, for det er moro å høyra det om att. Og om dei andre tek pause og eg står att i bringebæri er det og greitt nok - eg har selskap.

The pen is mightier than the sword if the sword is very short, and the pen is very sharp

onsdag 23. juli 2008

Naturlege former

Familien har teke poteter i dag (ikkje eg, eg jobba på turistinfoen). Å ta poteter er av og til moroare enn å jobba på turistinfoen. Ein kan til dømes høyra radio heile dagen utan å bli avbroten - slik at ein kan alle nyhenda utanåt - eller ein kan finna poteter med morosame former. Store poteter, små poteter (ok, desse er jo ikkje so morosame), heilt avlange poteter, heilt runde poteter (heller kjedelege dei òg) eller hjarteforma poteter. Denne poteta er til alle trufaste - og mindre trufaste - lesarar. Nyt den.