måndag 12. mai 2008

Kirsebærtreet

Det stend eit tre i hagen
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys yver fjorgamle graset
blomane ein for ein.

Og det er kirsebærtreet
innanfor hageleet
som blømer i tidleg vår.
Mot gråe skytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.

Tusund angande blomar
brusar um tak og plomar;
heilagt og kvitt og stilt
skin det i døkke næter
og freden i tunet gjæter
- ei jartegn på vår og mildt.

Det speglar seg bljugt i strondi,
og minner om austerlondi,
um japanske hagar og dikt.
Det tøygjer toppen i tråe
mot alle snjofjell blåe
til vår i kulden vigt.
Olav H. Hauge

Biletet er teke heima i Lærdal for akkurat eit år sidan. Mamma sender meldingar til mobilen min med vårbilete heimanfrå, antakleg for å minna meg om kva eg går glipp av som er i Bergen heile våren. Kjære mamma, eg veit det. Bergen er flott, men ikkje ein gong rhododendron og kristorn sler Lærdal, og kirsebærtreet i hagen der.

søndag 11. mai 2008

Eksamenslesing?

Det er to knappe dagar til eksamen no. Det fører til konstant dårleg samvit, for det er so lett å gjera andre ting. Som å grilla i hagen, gå tur i byen, sitja på plenen og nyta soli eller reisa til Gamlehaugen på piknik og soling. Men endeleg har 25 ark fulle av notatar funne vegen opp på veggen min - no er det att å pugga dei.

torsdag 8. mai 2008

Ikkje akkurat beskjeden

Eg har blitt sjekka opp. Av ein 6. klassing. Det har ikkje skjedd sidan eg sjølv gjekk i 4. Og ein kan vel sei at han ikkje nett var beskjeden - eventuelt at han har sett for mykje på Friends el.l. Ei interessant oppleving (hadde han endå vore 12 år eldre...)

tysdag 6. mai 2008

Kjærleiksdikt

I kveld les huset dikt ("hysj, eg har eit rykte å bevara!"), og fleire og fleire vert lesne høgt av eit par av oss. Og me er imponerte over kva folk kan skriva, og uttrykka med so få ord.

Jag etter kjærligheten, sa'n. Ja, sa vi.
O cykkelstyre. O kjærlighet.
Dæ va ei gång, å ænno bløme nabne hass i hænna.
Og so vakna um morgonen tvo gylne kveitekakor!

Ja, det er kjærleiksdikt. Men dei kan få sagt det - Rolf Jacobsen, Nordhal Grieg, Kari Bakke og Olav H. Hauge! Det er ein viss sjanse for at desse dikta dukkar opp att seinare på bloggen - mellom dei mange andre me har nytt. Men i kveld er det likevel Kort møte av Ernst Orvil som er den nye oppdaginga, og min kjære Olav må vika frå dikthjørna til fordel for dette. Men han kjem nok att, kjenner eg meg sjølv rett...

Siste...

I dag, sovidt (der bikka me midnatt ja) har eg mi siste forelesing i bachelorgraden - oppsummeringsførelesing i Brukstekst og pragmatikk.

Onsdag er det (kanskje) siste kollokvie i same fag. Den siste oppgåva på bachelornivå glimtar med sitt fråver (eg er god på utsetjing!) og eg er inne i den siste månaden av dette skuleåret, og dei tre åra (dei tre fyrste åra, vel og merke) i Bergen.

Undarleg kjensle. Godt, trist. Særs blanda. Gler meg til sommaren, men på same tid seier mine raude skuldrer at det er ikkje bra med for mykje av det heller. Hjernen skulle gjerne hatt lengre tid til å førebu seg til eksamen, og mine sosiale nervar skrik etter meir tid med gode "klasse"kameratar - som fer kvar til sitt etter 21. mai.

Men nokre ting vert ved det same - huset står her, soli skin (nokre dagar til seier dei), sommarjobben ventar heima, og universitetet ventar når eg kjem att. Gode vener vert verande, nye kjem til.

Og før ferie og den endelege slutten på bachelorgraden ligg fleire frustrerte blogginnlegg om eksamen, oppgåver osv... Berre vent.

laurdag 3. mai 2008

Valkyrien Allstars

På dansen på onsdag fekk eg ein brosjyre i hendene. "Ja," sa eg før eg fekk tenkt meg om. "Bra!" utbraut ho med brosjyren, og so var det bestemt - me skulle på konsert på Garage med Valkyrien Allstars.
Og det vart ein bra kveld, angrar ikkje på den. Etter ein litt treig start der me folkedansarane sto og trampa takten til eit par gangarar medan resten av kjellaren på Garage prata i munnen på musikken, tok det seg svært opp. Det er moro når ein opplever hardingfeler med slikt driv, uansett om det er til dans eller på rockekonsert. Og det er moro å stå utanfor og høyra bergensarar belja på tekst av Arne Garborg medan dei trampar takten dei enno høyrer etter felene. Veit at nokre synes dette er vel radikalt - men dersom det er underhaldande, i tillegg til at det presenterar folkemusikk på ein ny måte, so er eg for. Særleg når det er pakka inn i ein kveld i godt selskap.

torsdag 1. mai 2008

Oppmuntring

- i ei travel eksamenstid kan komma frå so mange ulike stader. Denne kom over e-post: