laurdag 28. mai 2011

Konsertveke

Nokre gonger når eg tenkjer på å ein gong å flytta frå Bergen, ser eg ingen problem med det. Joda, det er folk eg kjem til å sakna, og kafear og fritidsaktvitetar og kinotilbod, men dette er ting som kan vegast opp med andre gode. Men so kjem eg på den eine tingen eg antakeleg er dårlegast til å nytta meg av, men som eg òg hadde sakna mykje, og det er konserttilboda i denne byen. At ein på eit augneblinks innfall kan få med seg store og små opplevingar i store salar eller mørke buler, av alle slag (både opplevingar og buler). Denne veka har vore ei av dei der eg har nytta meg av tilbodet, sjølv om eg no sit inne ein laurdagskveld medan Nattjazzen pågår på Verftet - nokre gonger må trøytte bein og ei slunken lommebok bli høyrt.

Konsertveka byrja med kontorkonserten på tysdag, der Jenny Hval med musikarar spelte på kontoret til ungdomslaget. Onsdag var det Nattjazz-opning, og fantastiske Joshua Redman på saksofon og resten av James Farm. Når dei var ferdige etter ein og ein halv time (!) var eg utsliten både fysisk og mentalt, og lurte svært på kor tida var blitt av. Full konsentrasjon og mange musikalske openberringar gjer slikt med ein. Etter ein slik konsert må eg berre beklaga at Jenny Hval og etterkvart Kakkmaddafakka fekk mindre merksemd, og eg ikkje syntes det var trist å ta bana heim før konsertane var over.

Earlybird Stringband på Wessel
Torsdag var det konsertfri - ein må då få med seg (minst) ein kviss i veka. Men fredag var det på'an att, fire jenter sneik seg forsiktig inn døri på Wessel Bar. Det er ikkje staden ein går til vanleg ein fredag kveld, men når Earlybird Stringband stilte opp med bluegrass-country-folk, so fekk no me stilla som publikum. Musikken passa godt i det lokalet, og eg koste meg med både konsert og selskapet. Det same gjorde eg i kveld, når knøttvesle Cafe Sanaa i Marken var stappfull, og vel halvparten var lærdøler. Me var der for å høyra sambygding Gudmund sin Gudmund Skjær Trio, som spelte jazz-country, eller country-jazz, alt ettersom. Moro!

Nei, eg skal bli flinkare å nytta meg av konserttilbodet i Bergen - slike veker som denne vil eg ha fleire av!

1 kommentar:

  1. Ja, det er sant at det er skikkelig mange bra konsertar i Bergen!

    Skulle gått nokn seinare bussar Bergen - Førde, vanskelig å få dei med seg på dagstur i skuleveka :)

    SvarSlett