På kollokvium som uttartar litt kan mange idear komma opp. So òg på samlinga for fire nordisk-studentar i eit hjørne av kantina på HF: spel. Dermed vart pausen på
dagens kollokvium planlagt før resten av innhaldet. Alias skulle takast med, og so sat me der og underheldt resten av kantina, med stor innleving, ein jamn kamp og verdige vinnarar (mitt lag...)
Men dette førte oss inn på tanken om spel i undervisinga. Greitt, alle lærarstudentar, dette er vel ikkje ein ny og banebrytande pedagogikk for dykk, men for oss universitetsstudentar er ikkje dette kvardagskost.
- alle eksamenar, testar, prøver osb skal frå no av refererast til som "quiz" (evt "kviss" for puristiske nordistar). Dette vil gi ei meir positiv innstilling, i tillegg til at det gir inntrykk av at ein føl med i tida
- quiz er eigentleg ei god løysing på det meste, altså er det ein ide å utvikla store quiz-sett for fagområda
- evt større spel av typen TP eller Store norske. Særleg Store norske, me er jo eit bokelskande folk (nordistar altså)
- Alias for all terminologi
- Fantasi og/eller Pictionary for verk
- 20 spørsmål for forfattarar
- Beat for beat for salmar (ja, det er òg på nordisk-pensumet). Dette kan utvidast til dikt generelt, puggeskulen er ikkje nødvendigvis heilt ut
- adjektivhistoriar, gjerne utvida til alle ordklassane for grammatikklæring
Her stoppar fantasien til denne nordisk-studenten opp, men eg (og sikkert resten av kollokviegruppa i andre etasje) tek i mot forslag til andre spelidear med takk!