Og i dag suste me bortover A64. Etter ein krapp sving til venstre, snirkla vegen seg mellom hekkar og marker. Plutseleg dukka det opp ei stor søyle, som deretter forsvann bak oss i skogen. Ingenting rundt oss, før me rasar ned ein bakke mot ei strekke mur med ein port. Gjennom porten, og opp ein bakke. Ny mur, denne er lenger, og porten er eit heilt hus. Gjennom - men me er ikkje framme. Ikkje før fleire hundre meter seinare ventar parkeringsplassen og inngangen gjennom stallane. Men der, bak rosehagane og plenane, ligg Castle Howard, trehundreårig heim for jarlane av Carlisle og Howard-familien. Imponerande hagar, skogar, italienske tempel og fresker i salongane - endeleg fekk eg sjå innsida av "a stately home", ein draum for ein storetar av romantiske historiar og engelske kostymedrama.
bilete: Scarborough Castle
Innsida av Clifford's Tower
Castle Howard
Janne i ei av mange tropper (her inne i Clifford's Tower)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar