måndag 24. mai 2010

Minstemann

Det er ti år sidan dette biletet vart teke. Det var før digital-kamera, før bunaden måtte syast ut og før gutane slutta å gjera seg til på bilete. Ok, nett det siste har kanskje ikkje endra seg nemneverdig...

Denne helgi har minstebroren blitt vaksen. Han har vore den største av oss ei stund, men no er det offisielt: han er konfirmert, har ete enorme mengder kaker, har hanka inn ein passande sum og er klar for vaksenlivet - eller? Uansett fortener ein so flott bror ein god fest, og det fekk han med mesteparten av familien og familievener samla. 
Bilete: Familien på min konfirmasjonsdag. Foto: Gunnar 
Stina og Olve på hans konfirmasjonsdag. Foto: eg
Heile gjengen samla, minus fotograf Steinar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar