søndag 31. januar 2010

Koslege kveldar

 

Djup konsentrasjon. Latterkuler. God musikk. Undarlege takter. Kjente slåttar. Ting ein ikkje kan. Ting ein kan i søvne. Sokkar, dansesko, joggesko, støvlar. Flotte folk. Onsdag kveld i Gimle.
 
Og so vert det laurdag kveld, med danse- og spelmaraton og vel 160 stk innom dørane. BT melder om god stemning. BT har rett. Søndag kveld er det vafler, kakao og generell kos, like god stemning. Kan kommande kveldar verta like fine, både vanlege onsdagskveldar og kommande helgekveldar? Det skulle ikkje forundra meg. Heldigvis.

     Bilete: Estelle og Håvard. 
Sigrid og Audun.
Endre og Anbjørg. 
Guro, Sverre, Endre, Gunn Inger og Audun

søndag 24. januar 2010

Sjukdomshistorie

søndag: inga stemme
måndag: gamalmannshoste
tysdag: lommedukar
onsdag: tomt for lommedukar
torsdag: hæ?!
fredag: snufs
laurdag: nasespray
søndag: lei!

Behandling: heimekos, romantisk pensumbok (!), levande lys og store mengder varm saft og vatn med sitron. 

torsdag 21. januar 2010

Boyband

A1 kjem til Veka i Sogndal i år. På ein måte skulle eg ynskja at eg var av dei som hadde dilla på desse på barne- og ungdomsskule, slik at eg kunne vore kjempegira og reist heim for å få det med meg. Det hadde vore ei stor oppleving! Om eg altså hadde vore av dei som... Det var eg desverre ikkje, so istadenfor å vera kjempegira er eg berre litt forundra: finst A1 enno?

søndag 17. januar 2010

Changing the world


 One day our generation
Is gonna rule the population
So we keep on waiting
Waiting on the world to change
John Mayer

fredag 15. januar 2010

Tankar på ei tredemølle

Hm, korleis funkar dette då? Knapp - trykk - ok, me er i gang. Grueleg seint, men me kan byrja slik. Næmmen, hallo nabo! Nei, du byrja ikkje seint, nei... Men so ser jo du ut som ein supermodell og då. Hm, eg står ved feil maskin, Home and Away er jo i den andre enden av rommet. Seriøst, går den ikkje fortare enn dette? Oppoverbakke, hurra! Hm, kor er alle dei tjukke folka? Dei som treng trening? Er det berre modellspirer her? Og meg? Jepp. Kanskje ein blir modellspire av dette? Oh, yes! (Blackout ca ein halv time) Oppoverbakke = tabbe... Å, der gjekk det seint att - fint. Hm, gnagsår, av å vera inne, that's a first. Ok, på tide å gje seg. Gubbevares, modellen har sprunge heile tid. Me snakkar ein halvtime konstant jogging. Galning. Ok, stopp, gå av. Lettare sagt enn gjort! Hm, kjennest som eg har vore på ein båt. I storm. Gå beint, Mari, beint! Ikkje mannegarderoben, ikkje mannegarderoben, ikkje...! Gudskjelov, du traff. Set deg ned no.

Eg meinar, kva skjedde med å gå tur i finveret?! Men neidå, her stenger ein seg inne i store rom med folk som ser ut som modellar, ser på dårlege seriar på tv3 (fordi dei dårlege seriane på tv2 er i andre enden av rommet), spring - frivillig -  og vert sjøsjuk på toppen. Folk er rare...

onsdag 13. januar 2010

My Life Is Average

Eg har oppdaga ein ny måte å utsetja lesing på - og det før eg har vore innom lesesalen ei einaste gong i år. Eg er no iallefall tidleg ute med noko! Den nye tingen er mylifeisaverage.com, ei amerikansk side full av tankar og opplevingar frå heilt vanlege liv. I heile dag har eg sett etter småting som gjer livet berre litt moroare, inspirert frå denne sida. Og småtinga finst! I heil vanlege, gjennomsnittlege liv. 

Today, two girls beside me were arguing about how mermaids had babies. At first I thought this was stupid, but then I realized this is an extremely legit quiestion. Never in my life have question the reproduction of mermaids until now.
(Dette reflekterar ikkje heilt meg - eg har lurt på korleis havfruer får ungar kjempelenge!) 

Today, I went to the dentist. Half an hour before I went, I brushed my teeth really well. I felt like I was cramming for a test.

Last night, I was really hot in bed, so I took one leg out of the covers. Then I got scared because it was too dark and my leg felt unprotected from somthing hiding under my bed. So I put it back under the blankets.

A fortnight ago I finally solved my rubiks cube. I waited two weeks to post this so that I could use the word fortnight.

søndag 10. januar 2010

Yngstejenta


 Thea
"Thea kom kl 08.08 i dag femte juledag. 52cm lang, 36 cm hovudmål og 4250 gram stor :-) 
Alt vel med far!"

Dette er altså Thea, yngstejenta i Strangebakken, og yngstejenta i syskenbarnflokken på 17. Eg fekk møta ho på fredag, då var ho halvanna veke gamal. Om nokon tvilte: dette er finaste ungen i by'n! Ho kjem til å måtta veksa opp fort, attpåklatt som ho er - men ho får og ein stor familie til å skjemma henne vekk, passa på henne og krangla om å få halda henne, beundra henne og kosa med henne. Velkomen, Thea!

søndag 3. januar 2010

Project 52

For nokre år sidan les eg om Project 365, og har hatt lyst til å prøva det sidan. Det går ut på at ein skal ta eit bilete om dagen eit heilt år - og eg har sjølvinnsikt nok til å skjønna at det går ikkje. Derfor byrjar eg litt meir forsiktig, med eit "prosjekt 52". Eg skal altså ta minst eitt bilete i veka, og posta her. Nokre veker vert det meir enn eit, andre veker kan det henda eg kjem på søndag kveld at eg har gløymt å ta, og må vera litt kreativ. Eg håpar berre eg ikkje går lei. Eg håpar og at dette skal hjelpa meg til å ta med fotoapparatet alle stader, leita etter gode motiv, og kanskje verta litt meir medviten kva eg tek bilete av, og ikkje minst korleis eg gjer det. Sist, men ikkje minst, håpar eg at de hjelper meg å hugsa på dette...

So då byrjar me, litt utanfor vanleg veketeljing, med veke 53, den fyrste veka i det nye året. Biletet er frå Skjerdal,  mitt eige
Winter Wonderland