søndag 12. desember 2010

Palmesus og englesong

Underligt -
Det er noko som ikkje stemmer:

Det er fullt av brune blad, men dei er turre og knasar når ein trør på dei. Altså er eg ikkje i Bergen. Det er 12. desember, men det er ikkje snø. Ikkje er det kaldt heller, sjølv om slikt er relativt. Altså er eg ikkje i Noreg. Det er palmer utanfor vindauga, men eg har julestemning. Det er oliventre, sitrusfrukt, sandstein og solbrent jord, parfymelukt i lufta og eit ukjent språk. Men ikkje Palestina.

- men ikkje å forakta!
Jeg er visst kommet paa en feil klode!
Her er saa underligt…

Eller so er det Albir, Costa Blanca, Spania. Undarleg nok i seg sjølv. Milde hausttemperaturar, spansk skrift, norsk tale, juleførebuingar.

Lene jobbar i sjømannskyrkja i Albir, og Wiebke og eg er so heldige at me fekk komma på besøk. Antakeleg har ferien teke oss, for me går rundt og gjespar, men det gjer ingenting. I Albir går livet sakte. Det er stille i byen, i blokka, i hagane. Ein del av dei fastbuande (evt vinterflyktningane) har reist heim til jul, men det forklarar ikkje alt. Ein tek det rett og slett med ro her - mañana mañana? Kanskje har veret (vel, temperaturen) noko av skulda og - sjølv om me turistane insisterer på at me er i Syden, og må sitja ute, har dei fastbuande (vel, meir eller mindre) fatta poenget og trekt innandørs.
To turistar og to fastbuande - og so julenissen då - på hollandsk restaurant, i Spania
Faithful friends who are dear to us...
 Eg påsto livet her er roleg. Det er vel ei sanning med modifikasjonar. Jobbar ein i sjømannskyrkja slik rett før jul er ikkje alt like roleg - då har ein ansvar for å få den norske kolonien i julestemning. Og det funka det, trass i palmesvaiing og solnedgang utanfor Minnekirken i Villajoyosa. Men då me "knytta kjærleikens heilage band" saman med gamlefar med okysgenapparat og gutungen med mamma i koret, so var den på plass, stemninga. Lene sin "Have yourself a merry little Christmas" var heller ikkje å forakta i så måte.

Med julestemninga på plass, for fyrste gong i år (og det i eit Syden-land!) ser eg fram til å nyta meir av ferien - og i morgon ventar feriemål nr. 2 (3? 4?): Valencia.
Kven treng vel sjølvutløysar når ein har ei kyrkje med reflekterande vindaugsflater og ekstra ferietid til disposisjon?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar