søndag 21. februar 2010

Kjøleg frue

Det snøa att. I Bergen. Nok no, me har slått rekorden frå 1986-87. Når rekordar er slått, er det liksom ikkje noko poeng lenger. Ikkje det at det ser ut som om denne dama bryr seg nemneverdig om veret. Det kan ikkje vera nett godt og varmt å stå slik i ver og vind langs Lillelungeren. Og blyg kan ein ikkje vera heller. Kanskje snø ikkje er av det verste, det dekkar jo litt, kan isolera mot kald vind og nysgjerrige blikk - og utanom i 86-87 og 09-10 er nok ikkje det kvardagskost for fruen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar