torsdag 25. februar 2010

Join hands and hearts and voices

Gjester og tilsette på Kellerman's syng årets siste song. Kven som skal dansa siste dans er usikkert, hovuddansaren har fått sparken. So høyrest bildur, ei sidedør går opp, og der står han - Johnny Castle, svartkledd, med duffelbagen slengt over skuldra. Og eg må ta eit val: dette er for dumt eller gi meg ende over? Eg gjer det siste, og jublar i det Johnny hoppar opp på scena, rekker handa ut mot jenta på stolen og seier til ingen og alle: "Nobody put's Baby in a corner!" Tenåringane attmed meg jublar og, og eg ler litt ekstra av dei avsluttande vitsane og det etterlengta svevet høgt over dreiescena.

For ein må gi seg over av og til. Ein må gi seg over til latteren, til frustrasjonane, til gleda, til trøyttheiten, til shoppelysta, til kaffilysta. For det vert litt av kvart når ein er 22 stykk på tur i London...

Eg har att eit godt døgn her, og skal gje etter for mine innfall, kosa meg i ein spanande by med snikande vårstemning og nyta at dei 21 andre (antakleg) kjem seg vel heim utan andre manglar enn svært slunkne lommebøker. Og det må jo reknast som ein suksess.

Bilete: Vårstemning på South Bank.
 Ekspedisjonsgruppa mi ved Central YMCA, "the World's first"  

1 kommentar:

  1. Tømde appelsinmarmeladeglaset mitt på tysdag - eg såg føre meg at det burde vere eit YWCA utsal for appelsinmarmelade i London, når det var eit i Jeriko! I såfall kunne du ha handla eit glas og du skulle ha fått godt betalt!
    Ynskjer deg gode vårdagar!

    SvarSlett