laurdag 18. juli 2009

Harry Potter

For eit par veker sidan les eg ut Harry Potter-serien (for andre eller tredje gong, litt usikker). Eg sat på jobb, og når eg nærma meg slutten spruta tårene slik at eg måtte gøyma meg på do. I det eg la den frå meg, fekk eg e-post om at eg kunne få kjøpa bilettar til premiera på sjette filmen. Eg overtalte Olve (fort gjort), og heiv meg rundt. Dermed fann me oss sjølv i Bergen, i KP1 eitt minutt på tolv torsdag kveld, klare for film.

Eg hadde gledd meg i eit par veker allereie, men forventningane var kanskje ikkje so høge. Eg såg fram til opplevinga, men dei tidlegare filmane er jo ikkje nett klassikarar i seg sjøle (sjølv om dei er det som H.P-filmar, automatisk). Og denne filmen her vert nok aldri nokon klassikar på eiga hand heller - men eg vart positivt overraska. Ja, ein måtte kjennar historien, for fokuset låg heller meir på karakterane og deira forhold (både romantiske og andre) enn forteljinga, og nokre endringar var det i høve boka, men eg lo og eg gispa og eg skvatt og hadde det i det store og heile flott. Ikkje var eg på veg til å sovna når klokka nærma seg halv tre heller, og det er jo eit prov i seg sjølv.

Elles i Bergen var Olve og eg på Ikea, me utførde oppdrag for mamma, Olve var medgjerleg og vart med på eit par korte kleskjøp, og han møtte fleire av mine vener og kjente, både avtalt og tilfeldig. Det var godt med eit døgn i Bergen, men ok å komma heim og - særleg sidan Inger Marie kom flygande frå Stavanger og vart med heim, Silje syskenbarn venta på oss i Lærdal, og det er Kom heimatt-helg so dalen er full av folk og festar. Stor stas!

3 kommentarer:

  1. Ja, du beskriver filmen godt. Underholdende og morsom var den, men om man ikkje har lest boka så er det vanskelig å få med seg ka som egentlig skjer. Eg syns for eksempel ikkje at tittelen på boka passet til filmen, for fokuset låg litt for lite der.
    Men det denne filmen har klart bedre enn flere av de andre er at den forteller om folka og relasjonene. Og den har flere morsomme scener enn de andre. Eg holdt på å le meg skakk då Harry etterligna edderkoppens munnklør for eksempel.

    SvarSlett
  2. Jeg er en av de få, har jeg forstått, som ikke er noe fan av Mr Potter og kompani.. Men jeg har sett alle filmene, og må si at kinoopplevelsen blir faktisk veldig god selv om man ikke har lest den. Jeg har jo nemlig ikke peiling på hva som ikke er med i filmen av det som er i boka;) Anette (Hope)

    SvarSlett
  3. Ja, Anette, du er nok ein av dei få. Men godt du likar filmane, eg er imponert over at du ikkje vert irritert over alle hola i historien - men kanskje ein vert meir obs på dei når ein veit kva ein del av desse hola er og betyr? Ikkje godt å sei

    SvarSlett