måndag 21. mars 2011

Tonehelg

Det var ikkje mange som snurra rundt golvet når Jon og Sindre spelte til dans på laurdag, men me som var der hadde det fint. Når eg kunne lena hovudet bakover og lytta til den "vakre, sjelfulle salmetonen" Audun bestilte som avslutning, so tenkte eg på at eg jammen er heldig som kjenner so flinke folk.
 Når Jon spelte til dans, hadde eg allereie vore i Gimle nokre timar. Og eg var der nokre timar dagen etter òg, for Kor e tonen hadde øvingshelg og konsert saman med Konsonans. Mang slags kjærleik, kalte me den - og mangt slags vart det. Med konsert tidleg i semesteret og ikkje minst ein sjuk dirigent og to stakkars vikarar på ei helg er det mykje som kan gå galt. Og mykje gjekk galt, mellom anna song eg gamalfransk etter logikken "det rimar, då er det sikkert greitt." Men for det meste fann me tonen når me skulle, og kom oss gjennom til aplaus frå vener og kjente.

(Foto frå konserten: Nina Blågestad)

laurdag 19. mars 2011

Korleis nyta våren

- på ein og ein halv time:
 Ta på deg kjole og solbriller og gå tur til byen,
 til dømes gjennom Graven, der trei strekker seg mot soli og snøen gøymer seg bak hekken. Rett over dalen glitrar Vidden, lokkande, men berre ein fjern tanke. Ta bilete gjennom solbrillene, fordi lyset vert so moro då.
Stopp på bakeriet i Solheimsgaten og kjøp den bollen som har mest gult i seg.
Møt kjensfolk på Gamle Nygårdsbro, og bli so glad over gjensynet at du gløymer å ta bilete av båtane som enno har vinterteppet over seg.
 Gå til Festplassen og et bollen, akkompagnert av duer, trafikk og trekkspelmannen på repeat, medan du lener hovudet bakover og let solstrålande trenga gjennom kleda til du skjønnar kvifor soli vann over nordavinden.

Gå på vindaugsshopping i Marken, Øvregaten og Skostredet. Nyt soli i smuga, og alle dei undarlege bruktbutikkane og romantiske interiørbutikkane. Ikkje gå innandørs, det kan ta både verdifull sol-tid, og gå hardt utover pengepungen.

 Hels på den gamle mannen kjellartroppa til Fensal. Han likar å slå av ein prat.
Og so må finveret ignorerast ein ettermiddag, til fordel for franske madrigalar og amerikanske voggeviser. Hjarteballongar er kjøpt inn til kjærleikskonserten i morgon. 
Det er so godt som garantert at når Kor e' tonen har øvingshelg, so er det strålande ver i byen. Dersom du lurer på når du kan ha utefest i regnhovudstaden - sjekk øvingsplanen vår.

Då er det godt at ein kan klara å nyta våren på ein og ein halv time.

fredag 18. mars 2011

Bak muren

Betlehem, februar 2008. Foto: Ingvild Søndenå



Natt til 12. mars vart ein busetjarfamilie nord på Vestbreidden drepne. Gjerningsmannen er enno ukjent, men både Israel og busetjarane i området er sikre på det er ein palestinar. Dette merkast godt i Palestina, og Live Håberg frå Førde skriv om det her. Ho er i Tulkarm på Vestbreidden for tida, der ho er ledsagar for EAPPI. Bloggen hennar er verdt å fylgja for dei som vil få eit innblikk i korleis livet er på innsida av muren. Sjølv har eg site med klump i bringa fleire gonger den siste veka, medan eg har fulgt hennar oppdateringar, både når det gjeld situasjonen kring drapa i Itamar og forteljingane hennar frå checkpointet Taybe.

Les òg gjerne dette blogg-innlegget frå TV2-reporter Fredrik Græsvik, som òg skriv om det som har skjedd i Midtausten den siste veka, det som er blitt gløymt oppi alle andre verdskatastrofer.

onsdag 16. mars 2011

Sexy?

Minn me pao at neste gång e vil oppnao nåkke, so mao e bærre prata so breitt e e go før. Gjedna motpartn bli so lei at'n jir opp, slek so denna kar'n her? Å so bør de stemma, heile hurven, pao sågnadialekti so den mest "sexy," so dei seie borti Oslobygdn. Men ikkje håyr pao opptake fysst, de e verken sexy elle frao Sogn.

(Å elles va de Janne so jore me oppmerksåm pao lenka, so de kan gjedna lesa kå ho skrive om saken å - å ho ha meir trening enn me i å skriva dialekt, so der faor de gjedna eit bærre inntrykk tao kåleis de ska håyrast/sjao ut...)

tysdag 15. mars 2011

Buy yourself flowers

So full av klisjear - men det er jo ein grunn til at klisjear er klisjear, er det ikkje?
Kanskje er dette innspel til mitt, mykje omtalte, nye og betre liv?
Takk for tips, Ingrid!

Danseskostredet

Det vert førestilling! Me har øvd i helgi, og det vert jo bra jo - kven skulle trudd? No håpar me berre det kjem folk, for det vert so dumt om me har øvd i eit år utan at nokon får sett det... Ja, det var eit hint! For me treng verkeleg publikumet, både økonomisk (for me får ikkje nett peng kasta etter oss, vaksne amatørar som me er...) og ikkje minst fordi det er då det er moro. Informasjon finst i den <--------------- margen
Og dette er nokre av folka som gjer at det vert bra - og som gjer at det er moro å dansa koreografiar og improvisasjonar til folkjazzen tyt ut av øyro på ein og ein helst har lyst å pensjonera dei stive låra for alltid. Fin gjeng!

søndag 13. mars 2011

Dagens D

d for dans
 Treng vel kanskje ikkje vidare forklaring? Dans i all slags form, til all slags musikk, heilt til ein går heim i den mørke kvelden, euforisk og med ilt i musklar ein ikkje visste ein hadde.

d for dialektlære
 Dersom eg hadde vore lur, so hadde eg teke ein master i nordisk og studert utbreiinga og endringa av segmentering og differensiering på Vestlandet. Lukke!

d for Danù
Fyrste, og einaste, gong eg høyrte Danù var på ein Førdefestival for mange år sidan. Det var siste konsert på laurdagen, og den irske gruppa spelte tre låtar. Det var før dei fekk med seg Muireann Nic Amhlaoibh på song, og det var fem-seks mannfolk som spelte ril som eg aldri har høyrt det verken før eller etter. Antakeleg var det her interessa mi for instrumentalmusikk dukka opp, og frå der var det ikkje lange vegen verken til jazz eller norsk folkemusikk.

d for Det store norske spillet
Fram til Bezzerwizzer var dette det beste kunnskapsspelet. Vanskeleg, langdrygt, akkurat passeleg for familien ein lang nyårsføremiddag.

d for Du er min los
Du er min los
på leia eg dreg,
du er mitt ljos
på nattville veg.

Sjølv om du vankar
langt her i frå,
i mine tankar
bur du enn då.

Der skal du bu
som song i mitt sinn,
venen min,
du som einast er min.

Der skal din kjærleik
vere mi bøn,
der skal din nærleik
vere min løn.

Einsam eg stod
Og du vart min del:
blod av mitt blod
og sjel av mi sjel.  
 Jakob Sande


Dette diktet skal syngast i bryllaupet mitt - evt. ved eit anna passande høve. Gjerne i denne versjonen.

d for Dirty Dancing
"I carried a watermelon!?" Eg veit ikkje om mange jenter som klarar å sjå den scena utan å dukka seg og tenkja på sine eigne tåpelege uttalelsar. Og eg veit ikkje om mange jenter, heller, som klarar å sjå Johnny Castle rekka handa mot Baby og sei dei udødelege orda "Nobody puts Baby in a corner!" utan å måtta smila, evt. snufsa. Korleis dette har blitt slikt eit symbol for eit par generasjonar med kvinner anar eg ikkje, men det som er sikkert er at eg ligg under for same fascinasjon.
  
d for Den lille havfrue
"Er han ikke vakker?" "Nja, litt hårete og sikklen for min smak..."
Jepp, det er ikkje mange replikkar frå Den lille havfrue eg ikkje kan sei i sekundet før Sissel Kyrkjebø gjer det. Dessutan kan eg lengre bitar utanåt, og baserar draumemannen laust på prins Erik.

d for Di Derre
  Ei flott konsertoppleving sommaren 2008 gjer at Di Derre står for meg som eit av dei beste norske banda nokon sinne. Dei har ikkje anna enn hitar, og dessutan so har dei so gode tekstar. Ikkje rart med Jo Nesbø som tekstforfattar og vokalist. Kven kan vel ikkje kjenna seg att i linjer som "når noia blir for gæ'rn, og telefonsvarer'n svarer galt" eller "andre siden av veien, på vei en annen vei"?

Kva er dine dramatiske, drøymande, delikate, daglegdagse, deilege d-ar?